Dei fleste adopsjonar som blir gjennomførte, er adopsjon av ukjent barn frå utlandet. Organisasjonane som formidlar barn med tanke på adopsjon, gir råd om val av land. Slik adopsjon startar med ein søknad om førehandssamtykke til å adoptere eit barn frå utlandet. Inntil adopsjonssøknaden blir send ut av landet, kan søkjarane også vere registrerte som adoptivsøkjar til eit ukjent barn innanlands.

Mange ulike situasjonar kan føre til eit ønske om adopsjon av eit kjent barn innanlands. Eit barn kan bli adoptert av stefaren, stemora eller fosterforeldra.

Barne-, ungdoms- og familieetaten har godkjent tre norske formidlingsorganisasjonar som òg er godkjende i aktuelle utland. Det er

Vilkår

  • Adopsjonen skal vere til gagn for barnet
  • Adoptivsøkjarane må ha god helse både fysisk og psykisk
  • Det blir lagt vekt på trygg og stabil økonomi
  • Dei som søkjer om adopsjon saman, må være gifte med kvarandre. Det krevst minimum to års sambuar-/ekteskapstid
  • Generelt gir det born større tryggleik å ha to foreldre enn éin. For søkjarar som er einslege, blir det vurdert om dei har spesielle ressursar når det gjeld born
  • Til vanleg blir det ikkje gitt godkjenning til søkjarar over 45 år
  • Ved adopsjon av eit kjent barn, må det ha utvikla seg eit foreldre-barn-forhold over ei viss tid

Søknad

Norske styresmakter krev at adopsjon av born frå utlandet må skje gjennom ein av dei tre adopsjonsorganisasjonane som er nemnde over. Du kan kontakte ein av dei for å få informasjon og teikne medlemskap. Stadfesting av at ein av desse har teke på seg å formidle adopsjon, er eitt av vedlegga som skal følgje søknaden, først til kommunen og så til Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Kommunen kan gje råd og rettleiing om søknaden. Ved parallelle søknader om born innanlands og utanlands blir det laga to søknadssett. Du kan kontakte Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), sekretariatet for Fagleg utval for adopsjonssaker, når det gjeld søknad om å bli registrert som adoptivsøkjar innanlands. Telefon 466 15 000, post@bufdir.no.

Klikk her for blanketter til bruk ved søknad om adopsjon...

Kontakt

I kommunen er det barnevernet som tar seg av adopsjonssakene.
Klikk her for kontaktinformasjon...

Saksbehandling

Kommunen granskar søkjarar som ønskjer å adoptere eit norsk eller utanlandsk barn og gje tilråding. Deretter blir søknaden med kommunen si tilråding send  til regionkontoret i Bufetats. Regionkontoret er det statlege, regionale adopsjonsmyndet som gjer vedtak i dei fleste adopsjonssaker.

Klagerett

Ei eventuell klage skal sendast via regionkontoret, men må stilast til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Klagefristen er tre veker frå eit eventuelt avslag er motteke. Sjå òg www.bufetat.no.