Før kommunen tildeler eller endrar vegadresse, skal den som er registrert eigar eller festar informerast og få høve til å uttale seg. Kommunen tildeler adresse eller endrar adresse når det er nødvendig og seinast saman med igangsetjingløyve for byggjetiltaket.

Det er kommunen som avgjer adressenamnet. Skrivemåten blir fastsett etter reglane i lov om stadnamn. Adressa skal om mogleg knyttast til den vegen eller gata eigedommen har godkjend tilkomst frå.

Høvet til å få endra adresse er avgrensa. Det skjer normalt berre dersom kommunen har gjort ein feil eller eigedommen har fått tilkomst frå ei anna gate enn tidlegare.

Offisiell adresse skal tildelast bygningar som blir brukte til bustad- eller fritidsføremål, til næringsverksemd eller til offentleg eller publikumsretta verksemd. Kommunen kan òg tilleggje andre eigedommar eller lokale offisiell adresse dersom det er føremålstenleg. For eksempel kan kommunen tildele eller endre adresse

  • når ein skal endre tilkomstvegar
  • når ein skal oppføre nye bygg
  • når det er vanskeleg å finne fram til ei adresse

Klagerett

Det er mogeleg å klage på adressevedtak. Klage på sjølve adressetildelinga har heimel i matrikkelova § 46 bokstav f, jf. Matrikkelforskrifta § 22, som seie at klageretten er begrensa til:

  • Kva gate, veg eller liknande ein bygning eller eigedom skal ha adresse til
  • Kva adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenamn som er tildelt adressa
  • Feil adressenummer eller brukseinheitsnummer

Namnet på gata/vegen/område kan ein ikkje klage på. Klageinstans er fylkesmannen. Klagen skal sendast via kommunen som eventuelt kan gje klagaren medhald.