Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Alkoholsal

Alle som driv føretak med sal av alkoholhaldig drikk eller driv serveringsverksemd treng løyve. Desse løyva vert gitt for 4 år i gongen, og følger kommunestyre sin periode. Gjeldande løyve gjeld for perioden 2012-2016.

Kunnskapsprøven - alkohollova

Styrarar og avløysarar for sal- og skjenkjeløyve må ha dokumentert kunnskap om alkohollova. Dette kravet blir oppfylt ved at du står til kunnskapsprøven.

Skjenkeløyve ved einskildhøve

Ynskjer du å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved ei særskild hending, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.

Skjenkjeløyve

Personar eller verksemder som ynskjer å drive ein serveringsstad som sel alkoholhaldig drikk, må søkje om skjenkjeløyve. Skjenkjeløyve blir gitt for maksimum fire år om gongen.

Salsløyve alkohol

Salsløyvet gjeld for sal og utlevering av drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 % alkohol. Løyvet blir gjeve for maksimum fire år om gongen.

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk German