Ei arealoverføring krev at ein har halde ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle eigedommane er klarlagde og beskrivne. Derimot slepp du å opprette ein eigen grunneigedom, tinglyse skøyte og slå saman eigedommane. Arealoverføring skal registrerast i matrikkelen (det offisielle registeret over fast eigedom), og kommunen skal sørgje for tinglysing.
Klikk her for meir informasjon om arealoverføring...

Gebyr

For kommunen sine teneste skal det betalast gebyr i samsvar med satsane og retningslinjene i gebyrregulativet. Gebyrkravet skal rettast mot tiltakshavar, rekvirent eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid. Saksgebyr skal betalast sjølv om søknaden skulle bli avslegen.
Klikk her for gebyrregulativet til Gulen kommune...

Saksbehandling

Kommunen innhentar nødvendige opplysningar og gjennomfører oppmålingsforretning med arealoverføring etter endeleg vedtak etter plan- og bygningslova. Det blir skrive ut eit matrikkelbrev som sendast til rekvirenten.

Når det ligg føre eit endeleg vedtak etter plan- og bygningslova, skal kommunen ferdigbehandle saka (medrekna å fullføre matrikkelføringa) innan 16 veker dersom ikkje annan frist er avtalt.

Klagerett

Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller melding om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på arealoverføringa. Du sender klagen til kommunen, som òg kan gje rettleiing. Dersom kommunen lèt avgjerda bli ståande, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.