Kommunen kan gje deg informasjon om korleis du skal søkje, kva for retningsliner som gjeld, og om området er regulert eller ikkje. Telefon 57 78 20 00

Gebyr

For kommunen sine teneste skal det betalast gebyr i samsvar med satsane og retningslinjene i gebyrregulativet. Gebyrkravet skal rettast mot tiltakshavar, rekvirent eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid. Saksgebyr skal betalast sjølv om søknaden skulle bli avslegen.
Klikk her for gebyrregulativet til Gulen kommune...

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket.

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klagerett

Dersom søknaden blir avslått, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Klagen må vere grunngjeven. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

Dersom søknaden er behandla etter plan- og bygningslova, kan du klage til Fylkesmannen. Klagen sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom saka er behandla etter veglova, er det kommunen si eiga klagenemnd som er klageinstans. Før klageinstansen behandlar saka, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, går saka vidare til klageinstansen.

Lover

Dersom området ikkje er regulert eller avkøyrsel ikkje inngår i arealdel eller reguleringsplan i kommunen, sjå veglova (§§ 40-43 og § 13) med forskrifter. Sjå elles plan- og bygningslova.

Forskrift om (...) bygging og vedlikehold av avkjørsler fra offentlig veg
Forskrift om (...) avkjørslesaker for riksveg
Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)
Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) § 27-4 Atkomst
Veglova