Tilskot kan gjevast til avløysing ved mellom anna:

  • ferieavvikling
  • sjukdom
  • svangerskap/fødsel/adopsjon
  • følgje av sjukt barn til behandling
  • dødsfall i nær familie

Tilskotet kan gjevast for å dekkje faktiske utgifter til lønn, feriepengar, arbeidsgjeveravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysaren. Avløysaren må vere minst 16 år og kan ikkje ha næringsinntekt frå føretaket eller vere ektemake/sambuar til ein som har næringsinntekt frå føretaket.
Klikk her for meir informasjon...

Saksbehandling

Søknad sendast til kommunen, som gjer vedtak i saka. Kommunen vil behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.
Klikk her for søknadsskjema....

Søknadsfrist

Frist for søknad om tilskott til avløysing ved ferie og fritid er 20. januar året etter at avløysinga har skjedd. Ved langvarig sjukdom eller ved svangerskap/fødsel kan ein søkje så ofte søkjaren ønskjer det, f.eks. kvar andre månad. Den seinaste fristen for å levere søknader er tre månader etter den siste dagen i søknadperioden som gjev rett til tilskott. For nærmare avklaring, kontakt kommunen

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.