Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Foto; RVTS

Barnevern

Barneverntenesta arbeider etter Lov om barneverntjenester. Denne lova gjeld for alle born under 18 år. Lova har som formål å sikre at born og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Lova skal også bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår.

KLAFF

Uroar du deg for eit barn/ein ungdom?

KLAFF er ei tverrfagleg gruppe av personar frå helsestasjon, barnevern og PPT (pedagogisk psykologisk teneste) som jobbar med barn og unge i Gulen kommune.

Besøksheim

Ein besøksheim er ein heilt vanleg heim. Ein heim der barn og ungdom kan komme på besøk eks. kvar 3. eller kvar 4. helg, enkelte feriedager og lignande.

Fosterheim

Ein fosterheim er ein privat heim som tek vare på eit barn som for ein periode ikkje kan bu hos foreldra sine. Felles for fosterbarna er at foreldra si omsorg for ein kortare eller lengre periode ikkje strekk til i forhold til barna sine behov.

Adopsjon

Når du adopterer eit barn, tek du det til deg som ditt eige. Adoptivbarnet får den samme rettslege stillinga som om barnet hadde vore det biologiske barnet ditt. Rettsforholdet til den opphavlege familien til barnet opphøyrer.

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk