Formål

  • Bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.
  • Sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.
  • Barnevernet skal heile tida ha barnets beste i fokus.

 

Kontaktinformasjon for barneverntenesta i Gulen og Masfjorden:

  • Barneverntenesta felles telefonnummer 57 78 20 60

  • Einingsleiar for barnevernet - Jane Hesjedal
    telefon 57 78 20 61
    mobil 997 92 109
    e-post: jane.hesjedal@gulen.kommune.no
     
  • Barnevernkonsulent  - Anne Marit Oppedal
    telefon 57 78 20 62
    mobil 945 06 795
     
  • Barnevernkonsulent  - Ann Helen Engesæter
    telefon 57 78 20 67
    mobil 948 19 697
     
  • Barnevernkonsulent  - Kristin Midtgård
    telefon 57 78 20 63
    mobil 950 38 527
     
  • Barnevernkonsulent  - Ina Austgulen 
    telefon 57 78 20 64
    mobil 409 13 484


Postadresse
Barneverntenesta i Gulen og Masfjorden, Postboks 7, 5987 Hosteland

Besøksadresse
Fensfjordvegen 621, 5986 Hosteland

Barnevernet er tilgjengeleg kl. 09.00-15.00 kvardagar.

Ved akutt hjelp kan ein nå oss på telefonnummer 99 79 21 09. Barneverntenesta jobbar i hovudsak der barnet er, difor er me ikkje alltid på kontoret. Avtal møter på førehand.

Alarmtelefonen for barn og unge telefonnummer 116 111 er gratis og opent heile døgna.


Ynskjer du/de å bli støttekontakt, besøksheim eller fosterheim?
Barneverntenesta manglar ofte viktige støttespelarar til både born og vaksne. Desse oppdraga kan vare frå nokre timar til fleire dagar i månaden. Det krevjast ingen spesielle kvalifikasjonar av formell karakter, men du/de må ha overskot og interesse for medmenneskje. Løn etter avtale.
Dersom du ynskjer å vite meir, ta kontakt med Jane Hesjedal.

Klikk her for mer informasjon om fosterheim...
Klikk her for mer informasjon om besøksheim...


Kven kan nytte seg av tenesta
Alle kan kontakte barnevernet for å få råd og rettleiing i forbindelse med barn i alderen 0-18 år. Barn kan også sjølv ta kontakt. Kontakt kan skje anonymt. Offentlig tilsette og helsepersonell har meldeplikt til barnevernet ved mistanke om omsorgssvikt. Private kan også melde frå ved bekymring for eit barn sine levekår. Er du usikker på om du bør melde di bekymring til Barneverntenesta, så ta gjerne ein telefon for å drøfte dette anonymt med oss. Det er mogleg å komme til vårt kontor for å diskutere din eigen situasjon, eller drøfte ei eventuell bekymringsmelding. Du kan også henvende deg til KLAFF-gruppa i Gulen kommune, for å drøfte saker anonymt eller med samtykke frå den det gjeld.


Beskriving av tenesta
Barnevernet har som si spesielle oppgåve å ta vare på dei mest utsette borna i kommunen. Det skal beskytte barn mot omsorgssvikt og motvirke at barna lir fysisk og psykisk overlast. Blir barnevernet kjend med slike forhold har det ei lovbestemt plikt til straks å undersøke korleis barnet har det, og om nødvendig sette i verk tiltak. Dei mest vanlege hjelpetiltaka er:

  • Foreldrerådgjeving (til dømes ICDP, PMTO, COS, familiemøter)
  • Samtale med barn og foreldre
  • Barnehageplass
  • Støttekontakt, miljøarbeidar
  • Besøksheim, støttefamilie eller liknande
  • Tilbod om aktivitetar i fritid/ferie
  • Bidra til utdanning eller arbeid
  • Økonomisk stønad
  • Hjelpe foreldre og born i deira kontakt med andre
  • Hjelpe til med å ivareta barn sine interesser også hos andre instansar – ved å henvise til og å samarbeide med andre delar av forvaltninga

Barnevernet skal vere både støtte og kontroll. Det skal gjevast hjelp og støtte for at heimen skal makte sitt oppdragaransvar, men det har og ei plikt til å gripe inn viss dette ikkje nyttar.

På Barne-, ungdoms- og familieetaten sine heimesider kan du finne meir informasjon om adopsjon og barnevern.

Klikk her for meir informasjon om barnevernet og deira arbeid....