Ynskjer du/de å bli støttekontakt, besøksheim eller fosterheim?

Barneverntenesta manglar ofte viktige støttespelarar til både born og vaksne. Desse oppdraga kan vare frå nokre timar til fleire dagar i månaden. Det krevast ingen spesielle kvalifikasjonar av formell karakter, men du/de må ha overskot og interesse for medmenneskje. Løn etter avtale.

Kven kan bli besøksheim?

  • Trygge vaksne som synes det er artig å vere saman med barn og ungdom
  • Engasjerte vaksne som synes det er gjevande å samarbeide med andre instansar om "barns ve og vel"
  • Varme vaksne i en stabil livssituasjon
  • Folk med tid, krefter og god helse
  • Det krevast god vandel

Det er ikkje krav til utdanning. Ein kan vere ensleg, par, med eller utan eigne barn. Vi bruker tid saman for å finne ut kva barn som passer best for den bestemte besøksheimen.

Kvifor treng barn ein besøksheim?

  • For å få opplevingar
  • For å få fleire meistringssituasjonar
  • For å få fleire gode vaksenmodellar eller
  • For å gi foreldra avlastning

Kven avgjer?

Besøksheim er eit førebyggande tiltak for barn og foreldre. Besøksheimen skal godkjennast av kommunen. Det er barnevernet saman med foreldra til barnet, som avgjer kven som skal bli besøksheim for deira barn.

Dersom du ynskjer å vite meir, ta kontakt med

Einingsleiar for barnevern

Jane Hesjedal
Telefon 57 78 20 61
Mobil 997 92 109
E-post: jane.hesjedal@gulen.kommune.no