Som brukar kan du i prinsippet styre sjølv kven som hjelper deg med det som skal gjerast og kvar og til kva tid du vil ha helpa. Målet er at du skal kunne ha eit aktivt liv til tross for funksjonshemminga gjennom bruk av personleg assistent..

Tenesta brukarstyrt personleg assistent skal gje moglegheit til:

  • At den einskilde skal kunne leve og bu sjølvstendig
  • At den einskilde skal kunne ha eit meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre
  • At den einskilde brukar skal ha friheit til å leve sitt eige liv


Kven får tenesta?
Tenesta vert gitt til personar som har eit særskilt hjelpebehova grunna sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker. Søkjar må være fylt 18 år.

Kva omfattar tenesta?

  • Personleg stell og hygiene
  • Hjelp til på- og avkledning
  • Lage mat, hjelpe til i spisesituasjonen
  • Gje medisinar
  • Enkelt husarbeid
  • Vere med til lege, tannlege, frisør, trening etc.
  • Vere med på sosiale aktivitetar kino, kafe, handling, og besøk.
  • Hjelp til å komme seg på jobb


Klikk her for søknadsskjema for helse- og omsorgstenester...