Buplikta er knytt til bebygd eigedom med meir enn 25 dekar fulldyrka og overflatedyrka jord, eller meir enn 500 dekar skog. Busetnaden må bestå av bustadhus som anten er eller har vore i bruk som heilårsbustad. Sjølv om huset aldri har vore i bruk som heilårsbustad, vil det likevel oppstå buplikt dersom huset er tillate oppført som bustadhus eller eigedommen har bustadhus under oppføring.
Klikk her for å meir informasjon om buplikt...

Buplikt som vilkår for konsesjon

Om du ikkje kan eller vil busetje deg på eigedommen innan eitt år, må du søkje konsesjon.
Klikk her for å lese meir om konsesjon...

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter fattast det eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving viss det kan tenkjast at du blir misnøgd med vedtaket.

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta.

Klagerett

Du kan klage viss du er misnøgd med vedtaket. Fristen er tre veker frå vedtaket er motteke. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen avgjerda si, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som avgjer om klaga skal takast til følgje.