Før igangsetting må nødvendig prosjektering vere gjennomført. Alle handverkarane(firma) må ha godkjend ansvarsrett for sine fagområde.
Klikk her for meir informasjon...

Vilkår

For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden, og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra, vere godkjend av kommunen. Desse kriteria må vere oppfylte:

  • Nabovarsling må vere gjort
  • Bustaden må oppfylle alle krava til tiltaket i plan- og bygningslova, slik som avstand til nabo, visuell utforming og tekniske krav
  • Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Gebyr

For kommunen sine teneste skal det betalast gebyr i samsvar med satsane og retningslinjene i gebyrregulativet. Gebyrkravet skal rettast mot tiltakshavar, rekvirent eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid. Saksgebyr skal betalast sjølv om søknaden skulle bli avslegen.
Klikk her for oversikt over gebyrregulativet til gulen kommune…

Saksbehandlingstid

Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen blir overskriden.

Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/tverrbuarar og fråsegner frå annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyve for gjeve, så framt det du søkjer om, ikkje er i strid med gjeldande reglar og planar.

Kommunen kan forlenge desse fristane dersom saka er særleg komplisert, krev ekstra politisk avklaring eller løyve/samtykke frå andre myndigheiter. Dersom fristen blir lengre, så skal søkjaren få melding om det så fort det blir klart at fristen ikkje vil bli halden.
Klikk her for meir informasjon om saksbehandling...

Klagerett

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Du veljar sjølv om du vil at ansvarleg søkjar (eller til dømes ein advokat) skal fremje klagen for deg. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kontakt

Dersom du har spørsmål eller ynskjer førehandskonferanse,
ta kontakt med ekspedisjonen på telefon 57 78 20 00.