Kven kan få bustønad?

På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustønad, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld.

Korleis søkjer ein bustønad?

Frå 1. oktober 2014 kan du søkje bustønad elektronisk. Klikk her for å finne søknadsskjema...

Søknadsfristen for bustønad er den 14. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 10. i månaden etter.

Husstandar med fleire enn ein søkjar må framleis søkje på papir. Papirsøknader skal du sende til NAV Gulen, Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik.

Du må melde frå om endringar

Dersom du får samtykke om bustønad, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du må melde frå skriftleg til kommunen

  • dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (då må du sende inn eige skjema)
  • dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkje på nytt)
  • dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
  • dersom bukostnaden endrer seg
  • dersom ein i huslyden blir student

Dersom du må melde frå om endringar, klikk her...

Klage på vedtak om bustønad

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylle ut eit eige klageskjema. Klagen skal du sende til kommunen.

Ønskjer du å søkje bustønad for komande månader, må du sende inn ny søknad til kommunen.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustønad på Husbanken sine nettsider husbanken.no under bostøtte. Du kan også ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing, ta kontakt med Siv Hamn, e-post: siv.hamn@nav.no eller Maike Norman Bøe, e-post: maike.norman.boe@nav.no. Eller ringe 5555 3333, og seier det gjeld kommunale tenester.