Kjenner du nokon som gjer noko av fylgjande?
- Gløymer nylege hendingar
- Gjentek historier
- Forvirring i forhold til tid og stad
- Problem med å kjenne att folk
- Gløymer innlærte ferdigheiter
- Har fått forsterka personlegdomstrekk
- Svekka dømmekraft
- Problem med å klare seg sjølv i kvardagen
Kvifor er demensutredning viktig?
- Utelukke andre sjukdommar som har demensliknande symptom
- Vurdering av medisinar
- Legge til rette heimesituasjonen for personar med demens og pårørande
- Sette i gang tiltak til rett tid
Hukommelsesteamet kan tilby
- Samtale med pasient og pårørande i ein kartlegging - og utredningssamtale
- Kartlegging av behov for hjelp
- Hjelpemidlar som støttar hukommelse, og bidreg til auka tryggleik
- Oppfølging av pasient og pårørande
- Initiativ til å starte individuell plan
- Rettleiing til pårørande og helsepersonell
- Formidle kontakt til aktuelle samarbeidspartar i Gulen kommune.
Ein del tilbod må søkast på, og vurderast av Tiltaksnemnda.
Det Gulen kommune kan tilby:
- Tiltakspakke Demens:
Ein person frå heimesjukepleia, med fagkunnskap om Demens kjem på heimebesøk 1 gang i månaden, snakkar med personen og observerer korleis han/ho har det. (Gratis). - Aktivitetstilbod ved bu - og omsorgssentra, med aktivitør:
Måndag i Brekke, 10.00 – 12.30
Tysdag på Byrknes, 10.00 – 12.30
Onsdag på Dalsøyra, 10.00 – 12.30
Torsdag i Eivindvik, 10.00 – 13.00
(Må søke om og er gratis). - Dagtilbod ved dementavdelinga på Gulen Sjukeheim:
Personen vert køyrd til Dementavdelinga ved Gulen Sjukeheim, og deltek på aktivitetar og måltid der. Vert køyrd heim om ettermiddagen. (Må søke om). - Dagsenter på Gamlestova på Gulen Sjukeheim:
Dagsenteret er for heimebuande personar med kognitiv svikt og er ope måndag og torsdag kl 10.00 – 15.00. Der er ein aktivitør og ein assistent. Personen et frokost/ lunsj og middag der. Vert henta, og køyrt heim av sjåfør frå frivilligsentralen. Der er begrensa tal på plassar. (Må søke om og betale for maten). - Sjukepleiefagleg oppfølging ved Hukommelsesteam:
Person og pårørande får jamnleg oppfølging av ein frå Hukommelsesteamet ved behov. (Må søke om og er gratis). - Praktisk bistand:
Personen får hjelp frå heimesjukepleia til praktiske ting i heimen. (Tidlegare kalla heimehjelp) (Må søke om og betale for). - Støttekontakt:
Ein støttekontakt kjem heim til ein person og utfører ulike aktivitetar saman med han/ho. Person og støttekontakt vert einige om aktivitet og tidspunkt. (Må søke om og er gratis). - Omsorgsløn:
Ein pårørande med mykje belastande omsorg i heimen kan få assistentløn. (Må søke om). - Heimesjukepleie:
Heimesjukepleia kjem heim til ein person som treng hjelp til stell, medisin, mat, sårstell, injeksjonar eller anna. (Må søke om og er gratis). Eige kartleggingsteam kjem heim til personen i forkant og avtalar tiltak ein kan søke om. - GPS:
Eit «Sporingssystem» kan brukast til hjelp for ein person som ikkje finn vegen heim. Personen får på seg ein sendar, slik at han/ho kan gå fritt der han/ho vil. Dersom personen ikkje kjem fram/ heim til avtalt tid, kan personale, eller pårørande lett finne ut kvar han/ho er, og gi hjelp om naudsynt. (Må søke om og er førebels gratis). - Avlastningsplass:
Dersom pårørande treng avlasting, pga belastande omsorgsutøving, kan personen får korttidsplass på eit omsorgssenter, eller sjukeheim. (Må søke om og er gratis). - Korttidsplass:
Dersom ein person treng rehabilitering, observasjon, behandling etc. for ein kortare periode, kan han/ho få eit korttidsopphold på eit omsorgssenter eller sjukeheim. (Må søke om og betale for). - Omsorgsbustad:
Dersom ein person ikkje kan bu heime, eller åleine, lenger, kan han/ho få leige ein omsorgsbustad i Brekke, Byrknes, Dalsøyra eller Eivindvik. (Må søke om og betale for). - Langtidsplass på Gulen Sjukeheim:
Dersom ein person treng så mykje pleie og omsorg at han/ho ikkje kan bu heime lenger, kan han/ho få plass (einerom) på Gulen Sjukeheim, som ligg i Eivindvik. (Må søke om og betale for).