Kjenner du nokon som gjer noko av fylgjande?

  • Gløymer nylege hendingar
  • Gjentek historier
  • Forvirring i forhold til tid og stad
  • Problem med å kjenne att folk
  • Gløymer innlærte ferdigheiter
  • Har fått forsterka personlegdomstrekk
  • Svekka dømmekraft
  • Problem med å klare seg sjølv i kvardagen

Kvifor er demensutredning viktig?

  • Utelukke andre sjukdommar som har demensliknande symptom
  • Vurdering av medisinar
  • Legge til rette heimesituasjonen for personar med demens og pårørande
  • Sette i gang tiltak til rett tid

Hukommelsesteamet kan tilby

  • Samtale med pasient og pårørande i ein kartlegging - og utredningssamtale
  • Kartlegging av behov for hjelp
  • Hjelpemidlar som støttar hukommelse, og bidreg til auka tryggleik
  • Oppfølging av pasient og pårørande
  • Initiativ til å starte individuell plan
  • Rettleiing til pårørande og helsepersonell
  • Formidle kontakt til aktuelle samarbeidspartar i Gulen kommune.

Ein del tilbod må søkast på, og vurderast av Tiltaksnemnda.

Det Gulen kommune kan tilby:

  • Tiltakspakke Demens:
    Ein person frå heimesjukepleia, med fagkunnskap om Demens kjem på heimebesøk 1 gang i månaden, snakkar med personen og observerer korleis han/ho har det. (Gratis).
  • Aktivitetstilbod ved bu - og omsorgssentra, med aktivitør:
    Måndag i Brekke, 10.00 – 12.30
    Tysdag på Byrknes, 10.00 – 12.30
    Onsdag på Dalsøyra, 10.00 – 12.30
    Torsdag i Eivindvik, 10.00 – 13.00
    (Må søke om og er gratis).
  • Dagtilbod ved dementavdelinga på Gulen Sjukeheim:
    Personen vert køyrd til Dementavdelinga ved Gulen Sjukeheim, og deltek på aktivitetar og måltid der. Vert køyrd heim om ettermiddagen. (Må søke om).
  • Dagsenter på Gamlestova på Gulen Sjukeheim:
    Dagsenteret er for heimebuande personar med kognitiv svikt og er ope måndag og torsdag kl 10.00 – 15.00. Der er ein aktivitør og ein assistent. Personen et frokost/ lunsj og middag der. Vert henta, og køyrt heim av sjåfør frå frivilligsentralen. Der er begrensa tal på plassar. (Må søke om og betale for maten).
  • Sjukepleiefagleg oppfølging ved Hukommelsesteam:
    Person og pårørande får jamnleg oppfølging av ein frå Hukommelsesteamet ved behov. (Må søke om og er gratis).
  • Praktisk bistand:
    Personen får hjelp frå heimesjukepleia til praktiske ting i heimen. (Tidlegare kalla heimehjelp) (Må søke om og betale for).
  • Støttekontakt:
    Ein støttekontakt kjem heim til ein person og utfører ulike aktivitetar saman med han/ho. Person og støttekontakt vert einige om aktivitet og tidspunkt. (Må søke om og er gratis).
  • Omsorgsløn:
    Ein pårørande med mykje belastande omsorg i heimen kan få assistentløn. (Må søke om).
  • Heimesjukepleie:
    Heimesjukepleia kjem heim til ein person som treng hjelp til stell, medisin, mat, sårstell, injeksjonar eller anna. (Må søke om og er gratis). Eige kartleggingsteam kjem heim til personen i forkant og avtalar tiltak ein kan søke om.
  • GPS:
    Eit «Sporingssystem» kan brukast til hjelp for ein person som ikkje finn vegen heim. Personen får på seg ein sendar, slik at han/ho kan gå fritt der han/ho vil. Dersom personen ikkje kjem fram/ heim til avtalt tid, kan personale, eller pårørande lett finne ut kvar han/ho er, og gi hjelp om naudsynt. (Må søke om og er førebels gratis).
  • Avlastningsplass:
    Dersom pårørande treng avlasting, pga belastande omsorgsutøving, kan personen får korttidsplass på eit omsorgssenter, eller sjukeheim. (Må søke om og er gratis).
  • Korttidsplass:
    Dersom ein person treng rehabilitering, observasjon, behandling etc. for ein kortare periode, kan han/ho få eit korttidsopphold på eit omsorgssenter eller sjukeheim. (Må søke om og betale for).
  • Omsorgsbustad:
    Dersom ein person ikkje kan bu heime, eller åleine, lenger, kan han/ho få leige ein omsorgsbustad i Brekke, Byrknes, Dalsøyra eller Eivindvik. (Må søke om og betale for).
  • Langtidsplass på Gulen Sjukeheim:
    Dersom ein person treng så mykje pleie og omsorg at han/ho ikkje kan bu heime lenger, kan han/ho få plass (einerom) på Gulen Sjukeheim, som ligg i Eivindvik. (Må søke om og betale for).

Kven kan ta kontakt med oss?

  • Enkeltpersonar, pårørande og venner kan ta uforplikta kontakt
  • Helsepersonell i kommunen
  • Fastlegar

Nyttig informasjon om demens