Bedriftsretta tilskot

Støtte frå næringsfondet kan løyvast til tiltak som inneber "eit løft" for bedrifta og utgjer ei vesentleg satsing frå bedrifta si side. Støtte frå næringsfondet skal verke utløysande på tiltaket. Småinvesteringar og dei vanlege driftskostnadene fell utafor ordninga. Reine utskiftingar vert ikkje støtta. Tilskot skal ikkje føre til konkurransevriding i nærmarknaden. Søknader frå private til næringsfondet er unnateke frå ålmenta etter offentleglova § 13, og vert behandla konfidensielt, til vanleg av formannskapet.

Tilskot til fysiske investeringar
Bedrifter med ein årleg omsetnad inntil kr 5 mill. kan få støtte til fysiske investeringar, dvs. bygningar, maskiner og utstyr. Tiltak med kapitalbehov inntil kr 500 000,- kan vurderast. Tilskotet kan utgjere maksimalt 30 % av kostnadene, inntil kr 150 000.

Tilskot til utviklingstiltak
Fondet kan støtte utviklingstiltak med normalt inntil 50 % av kostnadene. Med utviklingstiltak er meint t.d. forprosjektering/planlegging (gjerne i samband med førebuing av søknad til Innovasjon Norge), marknadsundersøking, opplæring/kompetanseheving og produktutvikling. Tiltak med kapitalbehov inntil kr 200 000,- kan vurderast.

Tilskot til fellestiltak

Satsingar med god samfunnsmessig næringsutviklingseffekt, som infrastrukturtiltak, utviklingsretta fellessatsingar og tiltaksarbeid, kan støttast. Støtte frå næringsfondet skal ha utløysande verknad for tiltaket, og støttenivået er avhengig av kva type tiltak som skal gjennomførast.

Har du prosjekt med kapitalbehov over grensene for næringsfondet?

Desse skal behandlast av Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane fylke
Klikk her for meir informasjon...

Treng du hjelp med søknaden eller ynskjer å drøfte planar?

Ta til dømes kontakt med vårt interkommunale næringsselskap Gulen og Masfjorden Utvikling AS.
Klikk her for meir informasjon.... 

Søknaden - Kva bør med?

Nyttige tenester for deg som driv/har planar om å starte opp bedrift

Til nyetablerarar - Vanlege feil i etableringsprosessen

Det kommunale næringsfondet er ein del av distrikts- og regionalpolitiske verkemiddelapparatet, som mellom anna er regulert av denne forskrifta:
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2013-12-11-1574?q=forskrift+for+distrikts+og+regional