Du kan oppfylle driveplikta ved å leige vekk jordbruksarealet som tilleggsjord i minst 10 år om gongen. Avtalen må føre til driftsmessig gode løysingar. Er du i tvil om avtalen tilfredsstiller krava i lova, kan du leggje spørsmålet fram for kommunen på førehand. Avtalen må vere skriftleg, og du kan ikkje seie han opp i leigeperioden.

Avtalen kan likevel hevast om han blir misleghalden. Avtalar som fører til driftsmessig uheldige løysingar, kan følgjast opp som brot på driveplikta. Kommunen kan då gi pålegg om bortleige av jorda for ein periode av inntil 10 år. Dersom pålegget ikkje blir respektert, kan kommunen inngå avtale om bortleige av heile eller delar av eigedommen for inntil 10 år.

Klikk her for å lese meir om driveplikt...

Søknad

Du kan søkje kommunen om fritak frå driveplikta.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter fattast det eit vedtak.

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta.

Klagerett

Både du som søkjar og andre med rettsleg klageinteresse kan klage viss du eller de er misnøgde med vedtaket. Fristen er tre veker frå vedtaket er motteke. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen avgjerda si, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som avgjer om klaga skal takast til følgje.