Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Eigedomsskatt

 

efaktura-logo-payoff

Hugs å opprette eFaktura-avtale når du er innom nettbanken din.

I nettbanken din har du mulighet til å automatisk godta eFaktura frå alle bedrifter som tilbyr tenesta og som du har eit kundeforhold til. 
Finn eFaktura-tenesta i din nettbank for å velgje eFaktura som digitalt førstevalg for faktura.

Om ein ønskjer det kan ein også inngå enkeltavtalar med utvalgte bedrifter og motta eFaktura frå disse.  

Eigedomsskatt Gulen kommune Takseringsprinsipp

Takseringsprinsipp, rammer og retningsliner for innføring av eigedomsskatt for alle eigedommar i Gulen kommune vart vedteke i Sakkunnig Takstnemnd 15.10.2010.
Revidert 2018 pr. 24.01.2018

Klagehandsaming eigedomskatt

Frå 2018 er det fastsett nye eigedomsskattetakstar. Klagefrist er 6 veker frå kunngjering av eigedomsskattelistene. Det er få krav til innhaldet i ei klage. Minimumskrav er stilt i forvaltningslova §32. Klaga skal vere skrifteleg og underteikna av skatteytaren. Vidare må det komme fram kva vedtak som vert påklaga, og kva endring skatteytaren ynskjer. Kommunen ynskjer i tillegg at klaga vert grunngjeve. Det vil sikre ei betre sakshandsaming.

Eigedomsskatt i Gulen er ikkje ulovleg

Fylkesmannen har gjennomført ein lovlegkontroll av Gulen kommune si utskriving av eigedomsskatt for 2009. Det er blitt stilt spørsmål i media om skatten er skriven ut innan fristen i eigedomsskattelova. Fylkesmannen har konkludert med at det ikkje er grunnlag for å oppheve avgjerda frå kommunen fordi overgangsreglar gav kommunen utvida tidsfrist.

Informasjon i høve eigedomsskatt

Gulen kommune har vedteke å innføra eigedomsskatt på alle eigedomar i kommunen. I samband med dette skal alle eigedomar synfarast utvendig og takserast.

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk German