Dinutvei.no er ein nasjonal nettportal som gir oversikt over ulike hjelpetilbod, der ein er eller over heile landet. På nettsida finn du også informasjon, fagstoff og ein spørsmål og svar-teneste, kor du kan stille spørsmål og få svar anonymt. 

Nettportalen gir oversikt og informasjon til utsette for vald, overgrep og valdtekt, pårørande og uroa, dei som utøver vald og til fagpersonar. Portalen er ein del av regjeringa sin innsats for å førebyggje vald i nære relasjonar.

Dinutvei.no er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) i samarbeid med Regionale ressurssentra om vald og traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS), Krisesentersekretariatet og Norske kvinners sanitetsforening (N.K.S) på oppdrag fra Justis- og beredskapsdepartementet.