Fordelane med digital postkasse

  • Du får breva dine raskare enn på papir
  • Breva er tilgjengelege over alt der du har internett
  • Posten vert lagra trygt og du slepp å rote papirbreva vekk
  • Du sparar miljøet med mindre avfall og transport

Kva treng eg for å opprette ein digital postkasse?
Du må ha ein personleg, elektronisk ID på høgaste tryggingsnivå, til dømes BankID eller BankID på mobil.

Korleis får eg digital postkasse?
Du kan velje å bruke Digipost eller e-Boks. Dei er likestilte og oppfyller krava som gjeld for sikker sending av digital post.

Klikk her for å opprette Digipost

Klikk her for å opprett e-Boks

Korleis veit eg at det kjem post til meg?
Når du får digital post vil du få eit varsel på SMS eller e-post. Då veit du at noko er sendt til deg. For å lese brevet loggar du deg inn i din postkasse med BankID, MinID, Buypass eler Commfides.

Nyttig å samle posten frå det offentlege ein stad
Stadig fleire offentlege verksemder vil sende deg digital post. Det er difor nyttig for deg å opprette ein digital postkasse der du får samla all post frå det offentlege.

Alt du treng å vite om digital postkasse finn du på norge.no