Sjølve fylkestingsmøtet fann stad på Dalsøyra barne- og ungdomsskule.Der var det først drøfting i plenum, før dei to fylkestinga gjekk kvar til sitt for å drøfte og stemme i separate fylkesting.

Fylkestinga gjorde likelydande vedtak om at dei vil kalle det nye fylket for Vestlandet. Det trer i kraft 1. januar 2020. Dei gjord også vedtak om at det nye fylkestinget skal ha 65 medlemar, og har sett ned ei fellesnemnd som skal leie prosessen vidare.

Etter dei formelle møta vart det lunsj på Gulating hotell, og sidan var det klart for høgtidleg markering på Tusenårsstaden Gulatinget. Her deltok kjende artistar frå dei to fylka under leiing av konferansier Sigrid Moldestad.

Artistar:
Are Ovesen, Karl Seglem, Trond Høgemo, Annika Beinnes, Jon Kristian Bye, Fridtjov Urdal, 9 grader Nord

Foto:
Hordaland fylkeskommune

Informasjon/Kontakt:
Koordinator felles fylkesting i Gulen:
Anne Hopland (dagleg leiar, Gulatinget)
Tlf 57782006/97524098

Lenkar:

Sjå opptak av det felles fylkestingsmøtet her:
http://www.sfj.no/faclg-felles-fylkesting-direkte.6048037-345564.html

Protokoll etter møtet:
http://www.sfj.no/ato/esa62/document/moeteprotokoll-moete-i-fylkestinget-27-oktober-2017-cat344489-mid107378_86bba25934.17123705d17123705.5c60d13276.pdf

Reglement for fellesnemnda:
http://www.sfj.no/ato/esa62/document/1-reglement-for-fellesnemnda-for-samanslaaing-av-sogn-og-fjordane-og-hordaland-fylkeskommunar-saknr39_2017-cat344489-mid107378_86bba25934.17117005d17116996.5c3bd05d54.pdf

Følg Gulatinget på Facebook:
https://www.facebook.com/gulatinget/