På dei 4 folkemøta samla vi om lag 430 personar. Vi er supernøgd med det! Folk er engasjerte, og har klåre meiningar om framtida for Gulen. I samband med folkemøta vart det arrangert eige møte med 10. klassane på dei ulike skulane. På desse møta vart det diskutert saka og ungdomane vart sterkt oppmoda om å delta i prosessen og å stille opp for å røyste.

Høyringsperioden på intensjonsavtalane går fram til 15.04.16. Kommunestyret skal i møte den 28.04 vurdere dei ulike intensjonsavtalane og ta standpunkt til kva alternativ innbyggarane skal røyste over den 23.05.16.

Nytt høvet til å sei di meining! Send inn synspunkt på kommunereform@gulen.kommune.no

Vedlagt kan de sjå eigenvurdering av Gulen kommune opp i mot dei aktuelle intensjonsavtalane. Vurdering av demokrati og samfunnsutvikling er det den politiske styringsgruppa for kommunereformen som har stått for.

Klikk her for å lese eigenvurdering (PDF)...