Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Formannskap

Formannskapet har 5 medlemmer, med personlege varamedlemmer. Medlemmer og varamedlemmer til formannskap vert valde for fire år, av og blant medlemmene av kommunestyret. Formannskapet behandlar framlegg til økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak. Medlemmene i formannskapet er også tillagt oppgåver som kommunal klagenemnd. Dei er også arbeidsgjevar sine representantar i Hovudutval for administrasjon. Kommunestyret har vedteke reglement som styrer kva andre saker formannskapet skal handsame og kva mynde dei har, dersom ikkje anna går fram av lov og forskrifter.

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk German