I starten har vi behov for transport frå/til Dalsøyra og Brekke. Om du vil bidra ein eller to dagar er opp til deg, som frivillig styrer ein sjølv. Likevel må vi ha ei forutsigbar avtale slik at brukarane er sikra transport.

Vi krev politiattest, jfr helse- og omsorgstenestelova. Du vil få rettleiing i søknad om politiattest.

Det vil bli gjeve støtte tilsvarande kommunal kilometer-takst.

Har du kanskje lyst å fylle tida mellom tur og retur? I så fall kan du få vere med som frivillig på dagsenteret eller ta andre oppdrag for frivilligsentralen.

Er du interessert i å hjelpe? Ta kontakt med Vivian Våge, Gulen Frivilligsentral på mob. 92622607.