Den kommunale fysioterapitenesta består av ein 100% stilling og ein 30% stilling. Det er i tillegg ein privatpraktiserande fysioterapeut i  70% stilling. (Gulen fysioterapi)

Den kommunale fysioterapitenesta  omfattar tenester til dei som av ulike årsaker ikkje kan bruke det private fysioterapitilbodet.  Dette gjeld i hovudsak born og ungdom med særskilde behov,  vaksne/eldre som har behov for behandling og rehabilitering/habilitering heime eller på institusjon.

Fysioterapitenesta sine oppgåver omfattar førebyggande og helsefremmende tiltak, undersøking og behandling, habilitering og rehabilitering.  Tenesta har samarbeid med helsestasjon, barnehage og skule.

Den kommunale fysioterapeuten er og leiar for rehabiliteringsteamet ved Gulen Sjukeheim og har arbeidsoppgåver knytt til alle sonene i Gulen kommune.

Kontaktinformasjon kommunal fysioterapeut
Ein kan ta direkte kontakt med Fysioterapeut Beate Bjerkestrand på telefon 40 92 47 09
Mandag til Fredag, mellom kl. 08.30 - kl. 15.00.

Gulen Fysioterapi (Privat praksis med driftsavtale)
Fysioterapeut Thomas Stølen
thomasstolen@msn.com
Tlf: 93027732

Metoder: Manuell behandling, Redcord - neurac slyngebehandling og trening
ESWT trykkbølgebehandling Laserterapi, Elektroterapi, Kinesiotape, Formthotics ortopediske såler. Kondisjonstrening og Styrketrening.Opptrening etter operasjon og skade/ulykke.
 

Fysioterapitenesta i Gulen kommune jobbar blant anna med følgjande pasientgrupper:

  • Palliative pasientar, lindrande behandling
  • Barn
  • Lungepasientar, nye slagpasientar og andre alvorlige diagnoser
  • Postoperative pasientar
  • Gravide
  • Alvorlig skade eller sjukdom der tidlig oppfølging kan være avgjørande (dette gjelder ved forverring/funksjonsfall hos kronisk sjuke)
  • Akutt og langvarig muskel/skjelettplager
  • Kronisk nevrologiske sjukdommar og nevrologiske skader

Vårt mål er å gi et godt og variert fysioterapitilbod med kort ventetid for alle.

Anna informasjon om tenesta
Frå januar 2018 er det ikkje lenger er nødvendig med henvisning frå lege for undersøking og behandling hjå fysioterapeut. Dette gjeld uansett om du går til kommunalt tilsett eller privat institutt.

Born under 16 år har rett på gratis behandling. Det same gjeld personar som har fått godkjent yrkeskade og bebuare på institusjon.  Alle andre må no betale ein eigenandel til dei er komen opp i frikort eigendelstak 2.

Eigenandel er avhengig av type behandling og kor lang tid behandlinga tar.

Når du er komen opp i frikort, får du dette automatisk tilsendt i posten frå Helfo.
 

Ytterlegare informasjon om takstar, frikort eigendelstak 2 og eigenandelar innan fysioterapi finn du her: https://helsenorge.no/betaling-for-helsetjenester/betaling-hos-fysioterapeut