For overføring av større område, sjå arealoverføring. Ei grensejustering krev at ein held ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle matrikkeleiningane blir klarlagde og beskrivne.

Grensejusteringa må ikkje vere i strid med konsesjonslova, jordlova § 12 eller rettsleg bindande planar etter plan- og bygningslova.
Klikk her for meir informasjon...

Søknad

Klikk her for søknadsskjema...

Vedlegg:

  • Skriftleg samtykke frå registrerte grunneigarar og registrerte festarar som grensejusteringa har noko å seie for
  • Arealrekneskap for involverte eigedommar og overførte areal, og eventuelt tidlegare grensejusteringar
  • Dokument frå kommunen som viser at grensejusteringa ikkje fører til deling av driftseining (jf. jordlova)
  • Pårekna verdi for involverte eigedommar

Gebyr

For kommunen sine teneste skal det betalast gebyr i samsvar med satsane og retningslinjene i gebyrregulativet. Gebyrkravet skal rettast mot tiltakshavar, rekvirent eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid. Saksgebyr skal betalast sjølv om søknaden skulle bli avslegen.
Klikk her for gebyrregulativet til Gulen kommune...

Saksbehandling

Kommunen innhentar nødvendige opplysningar og gjennomfører oppmålingsforretning med grensejustering. Det blir utferda eit matrikkelbrev som sendast til rekvirenten.

Når krav om grensejustering er motteke, skal kommunen ferdigbehandle saka (medrekna å fullføre matrikkelføringa) innan 16 veker dersom ikkje annan frist er avtalt.

Klagerett

Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller melding om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på grensejusteringa. Du sender klagen til kommunen, som òg kan gje rettleiing. Dersom kommunen lèt avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.