Målgruppe

Alle born og unge.

Tenesteomtale

Gulen musikk og kulturskule har undervisning i alle fire skulekrinsane i kommunen. Dei fleste får undervisning kvar veke anten åleine eller i grupper.

Undervisninga i musikk- og kulturskulen kjem i tillegg til undervisninga i grunnskulen. Me har som mål å leggje undervisninga i SFO tid for dei små der det er mogeleg å få til.
Klikk her for informasjon om prisar for musikk- og kulturskulen...

Til no har me berre hatt tilbod innan musikk. Kva tilbod me kan få til neste skuleår, vert styrt av kva det er interesse for og kva lærarkrefter det let seg gjere å skaffe. Elevar må rekne med at dei i enkelte høve må fraktast til andre skulekrinsar enn der dei bur for å få undervisning.
Klikk her for meir informasjon om tilboda i musikk- og kulturskulen...

Musikk- og kulturskulen skal styrke og vere ein ressurs for det frivillige kulturlivet. Musikkskulen sel dirigent og instruktørtenester. 
Klikk her for meir informasjon om sal av dirigent / instruktørtenester...(pdf)

Kriterium/vilkår

Vil nokon gå på musikk- og kulturskulen på meir enn eit tilbod, kan det søkjast om, men då må det betalast for kvart tilbod. Er det ynskjeleg å setje opp fleire alternativ på søknaden, men berre eit alternativ er aktuelt å vere med på, så prioriter ynskja slik at me veit kva tilbod me først og fremst skal gje.

Den som vil søkje, må sende søknad innan 1. mai.  Dei som har vore elevar, og som ynskjer å halde fram, må søkje på nytt.

Søknaden skal sendast til:

Gulen musikk- og kulturskule
v/Inger Marie Håheim Tynning
Ynnesdalsvegen 2719
5961 BREKKE

eller til

E-post: imht@gulen.kommune.no

Klikk her for søknadsskjema...(pdf)

Når du søkjer om opptak, har du rett til å få eit skriftleg vedtak frå kommunen. Sjølv om du ikkje har rett til å ta imot eit tilbod, må kommunen si avgjerd om tildeling av plass vere sakleg grunngjeven.

Kontakt

Har du spørsmål kontakt Inger Marie Håheim Tynning
E-post: imht@gulen.kommune.no
Tlf.: 57 78 20 59 eller 928 94 188

Lover

Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskuletilbod til born og unge.
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 13-6 Musikk- og kulturskoletilbod