Kven kan søkje?

Klikk her for å lese meir om "Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m." (LOV 2011-06-24 nr 30)...

Føresetnad:

Andre kriterie som vert vurdert:

  • Førebygge behov for andre tenester.
  • Legeerklæring ved behov, ved spesielle diagnosar.
  • Heilheitsvurdering av familiens situasjon, når søkjar bur saman med funksjonsfriske.

Kostnad

Brukar betaler eigenandel for tenesta.
Klikk her for meir informasjon om betalingssatsar...

Omfang/innhald av teneste

1. Standard for reinhald

  • Hus reinhald (Vaske golv, støvsuge, riste matter/ teppe, støvtørke) utførast kvar 14. dag.
  • Hus reinhald utførast i rom som er i dagleg bruk; stove, kjøkken, bad, toalett, soverom og entre. Det setjast av 1 time i omsorgsbustad og 1-2 timar i annan bustad (Tidsbruken er anslagsvis og kan variere frå gong til gong.)
  • Sengetøy skiftast normalt kvar 14. dag.
  • Klede vaskar ein normalt 1 gong kvar veke.

2. Dessutan er det følgjande tilleggstenester:

Personar som får tildelt hjelp gir ein moglegheit til å forvalte den tid hjelpa skal ta til andre tenester, tilleggstenester. Det føreset då at brukaren har andre personar som utfører dei tildelte oppgåver. Dette skal vere unntak, ikkje regelen.

  • Hjelp til å vaske kjøleskap og/ eller komfyr, mikrobølgjeovn.
  • Innvendig vindaugsvask utførast helst om våren. Vindaugsvask gjeld vindauga i stova og kjøkken.
  • Hjelp til å organisere innkjøp av kolonialvarer 1 gong for veka. Brukaren betaler sjølv for varetransport.
  • Hjelp til å bestille nødvendig brensel.
  • Hjelp til å bære inn ved frå oppsett vedla frå skur eller kjellar.
  • Nødvendig hjelp til å organisere bosslevering og snøbrøyting. Brukaren betaler sjølv meirkostnadane.

3. Følgjande tenester fell utanfor kommunen sin standard:

  • Stryking
  • Baking, bearbeiding av råvarer
  • Storreingjering av tak og vegger, boning av golv, dra ut store tunge teppe.
  • Huslege oppgåver i samband med gjester og vaksne, heimebuande born.
  • Utvendig vindaugspuss.
  • Hagearbeid
  • Hjelp til husdyrhald
  • Flytting
  • Brøyting av privat veg

4. Anna

På helgedagar blir det i utgangspunkt ikkje gjennomført praktisk bistand.

Ved akutt sjukdom og forverring av kronisk tilstand setjast dei generelle bestemmingar til side, og hjelp i nødvendig omfang blir gitt.

Det vert innarbeida rutinar for jamleg evaluering av tenestene saman med brukar og/ eller pårørande.

Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål, ta gjerne kontakt med:

Einingsleiar sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra Eva Vågheim tlf: 57 78 21 01
Einingsleiar sone Eivindvik Nina Haveland tlf: 57 78 16 47