Vi fekk tilskot i 2017 til utbygging av høgfarts breiband i Brekke, Byrknes, Dalsøyra og Eivindvik. Desse utbyggingane er no i ein anbodsprosess, og skal vere ferdige i løpet av 2019. Utifrå interessa så langt kan det sjå ut for at meir enn desse kjerneområda kan bli omfatta, men dette er uvisst pr dato.

Sjølv om sjansane er lågare for å få tilskot også i 2018, ynskjer Gulen kommune å vere aktiv også i år. Desse områda er til vurdering for mogleg søknad: Eide til Sløvåg, Asheim til Sætre, Ytre og Indre Oppedal, Nordgulen til Nese, Ånneland, Mjømna og Takle.

Lag og organisasjonar, bedrifter og innbyggjarar som ønskjer å gje fråsegn må gjere dette innan 29. april 2018 til postmottak@gulen.kommune.no. Det er ynskjeleg å få konkrete og utførlege innspel om behov og moglege bidrag for å få til gode prosjekt. Innspel frå grendalag og andre bygdeutviklingsorgan er særs ynskjeleg, gjerne med kartlegging av ynskjer frå både næringsliv og folk i eigen bygd.

Om støtteordninga for breiband:

Føremålet med den nasjonale tilskotsordninga til utbygging av breiband er å bidra til at alle husstandar får tilbod om breiband av grunnleggjande god kvalitet. Det kan og gjevast tilskot til å auke kapasiteten for breiband i område det ikkje kan forventast å komme nye kommersielle tilbod i dei næraste åra.

Det var i 2017 seks evalueringskriteria for tildeling av statleg breibandstilskot:

  1. Tal nye husstandar som får eit breibandstilbod (vekta 30 %)
  2. Forbetring av eksisterande breibandstilbod (vekta 5 %)
  3. Kostnadseffektivitet (vekta 25 %)
  4. Lokal med finansiering (vekta 20 %)
  5. Plan for berekraftig drift (vekta 15 %)
  6. Påverknad på lokal samfunnsutvikling (vekta 5 %)

Eitt av krava for å kunne søkje om statleg tilskot, er at kommunen må kunngjere dei geografiske områda utbygginga skal gjelde for. Eit anna krav er at det skal være mogleg for alle partar i dei prioriterte områda å gje innspel til kommunen som kan være til nytte for søknaden eller prosjektet.

Vite meir? Meir informasjon finn du på http://www.nkom.no/ og på nettsidene til aktuelle leverandørar.

Kontaktperson i Gulen kommune er ass. rådmann Harald Haugejorden, tlf. 57 78 20 03.