Utkastet til Regional transportplan 2018–2027 vart lagt ut på høyring før sommaren. Saman med utkastet til transportplan er også ein rapport om framtidig trasé for Kystvegen lagt ut til offentleg ettersyn. Her ber fylkesutvalet spesielt om innspel på strekninga Dalsfjorden og nordover til grensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

I samband med utarbeidinga av Regional transportplan er det også utarbeidd eit framlegg til ein gå- og sykkelstrategi for Sogn og Fjordane. Strategien er lagt ut til offentleg ettersyn som del av høyringa av Regional transportplan.

Høyringsmøtet 13. september vert på Scandic Hotell & Spa og startar kl. 10.00.

Sjå programmet for møtet og meld deg på her.

Påmeldingsfristen er 8. september.

Meir om høyringa og alle høyringsdokumenta finn du her.

For meir informasjon
Ole Ingar Hagen Hæreid
Plan- og beredskapsleiar
ole.hareid@sfj.no
415 30 954