Dette inneber at vi som jobbar her, også legane, har ordinær arbeidstid frå 08:00 til 15:30. Då er det ikkje lenger slik at legane avgjer arbeidstida si sjølv og gjerne sit lange kveldar med papirarbeid. For at legane skal ha tid til å gjennomføre alle arbeidsoppgåver på dagtid, går det ut over kor mange pasientar vi klarer å ta imot i løpet av ein dag. I tillegg til arbeidet på kontoret er det fleire andre oppgåver som opptar legane våre. Eksempelvis kriseteam, inntaksgruppe for sjukeheimen, legevakter i Knarvik, etc.

Legekontoret har to roller. Vi er eit fastlegekontor og vi er legevakt på kvardagar mellom 08:00 og 15:30. Vi ynskjer å yte best mogeleg service til dei som treng oss, og det kan alle hjelpe oss med. Det er viktig at alle skil på tilstandar ein kan gå til fastlege med og kva som hastar meir og treng tilsyn av lege innan kort tid. Som dei fleste veit så rullerar dei tre legane på kven som er legevaktslege, med ei veke kvar. Desse vekene har ikkje legane tid til å ta så mange fastlegekonsultasjonar. Dessverre blir det færre av slike timar også på utekontoret i Brekke og på Byrknes. Bruken av legevakt aukar, samtidig som legane skal rekke alt papirarbeid i løpet av arbeidsdagen.

Som eit resultat av omlegginga, og det faktum at bruken av legane aukar, vil mange oppleve at ein får time litt fram i tid. Dette er beklageleg, men det er dessverre slik på dei fleste legekontor. Vi har i mange år vore heldige med at legane har brukt mykje av fritida si på jobb. Legane har rett på si fritid som alle andre, og vi kan ikkje forvente at dei skal halde fram slik. Spesielt ikkje når dei no er kommunalt tilsette. Ein kan dessverre ikkje kome på kontoret å tru at ein skal få time same dag. Kontakt oss i god tid for fastlegetime. Med god planlegging har vi betre tid til å ta oss av dei som har behov for legevakt.

Telefonen vår er betjent frå klokka 08:00, men før klokka er 09:00 og mellom 12:00 og 13:00 ynskjer vi berre telefonar knytt til behov for legevakt. Vi har veldig press på telefonen. Mange opplever å vente lenge. Spesielt er dette eit problem på tysdagar. Vi forstår godt at dette kan vere frustrerande, men det er vanskeleg å gjere noko med når mange ringer oss på same tid. Ring gjerne på andre tidspunkt enn tysdag føremiddag, då slepp ein vente så lenge. Elles kan ein no kontakte oss gjennom den nye heimesida vår.

www.gulenlegekontor.no er den nye heimesida vår på internett. Her finn du opplysningar om legekontoret. På denne sida kan du kontakte oss enten du vil ha legetime, bestille reseptar eller om det er noko anna du lurer på. Ved å bruke denne tenesta avlastar ein bruken av telefonen. Sida er tilknytt ein APP som kan lastast ned på mobilen. Appen heiter «HelseRespons», og ein kan kontakte oss på lik linje som gjennom heimesida. Tenesta er veldig lettvin for oss å bruke, då meldingar blir direkte knytt til journalen din. Vi handterer desse meldingane fortløpande. Bakdelen med denne ordninga er at det kostar 6 kroner å få svar frå oss. Derfor har vi no bestemt at vi berre svarer på timebestillingar og andre konkrete spørsmål som treng eit svar. Reseptbestillingar lagar vi til innan kort tid, men vi sender ikkje tilbakemelding på at dette er gjort.

I Gulen er vi flinke å vaksinere oss mot influensa. Over 200 har allereie tatt vaksina i år. Alle over 65 år, mange av dei med kroniske sjukdomar og gravide i 2. og 3. trimester er spesielt anbefalt å ta vaksina. Vi har framleis fleire vaksiner for dei som ynskjer det. Den kostar 150 kroner.

I romjula vil legekontoret i Eivindvik vere ope 27. til 29. desember, men vi ta berre imot legevaktspasientar desse dagane.

Det blei mykje informasjon frå oss denne gongen, men vi føler det er viktig å informere om kvifor ventetidene hos oss er litt lengre enn tidlegare. Vi håpar også at mange vil kontakte oss gjennom app og heimeside slik at vi får ned presset på telefonen.

Ei varm julehelsing frå alle oss på Gulen legekontor