Konsesjonsplikt

Dersom du får, kjøpe, arva eller overtar ein konsesjonspliktig eigedom, må du søke om konsesjon. Eit vanleg tilfelle der ein må søkje om konsesjon er når eigedomen er bebygd og er større enn 100 dekar totalt eller har meir enn 25 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka jord.

Søknad om konsesjon

Du søkje om konsesjon ved å bruke skjema SLF-359. Søknaden sende du til kommunen der eigedomen ligg. Det er kommunen som avgjer alle konsesjonssøknadane. Fylkesmannen er klageinstans.
Klikk her for søknadsskjema…

Konsesjonsfridom og eigenerklæring

Dette gjeld dei som har arva, kjøpt eller fått fast eigedom som dei kan overta konsesjonsfritt. Når konsesjonsfrie erverv skal tinglysast, må den nye eigaren dokumentera at ervervet er konsesjonsfritt. Eigenfråsegn syner at ervervet ikkje er konsesjonspliktig og kva av unntaka til lova som gjeld. Skjemaet dekkjer mange ulike unntak. Kommunen kan rettleia deg om utfylling av eigenfråsegn.

Vilkår
Det gjeld særskilde reglar om buplikt for landbrukseigedom.

Dersom du overtek ein landbrukseigedom frå nære slektningar får du 5 års buplikt. Landbrukseigedomar med buplikt er bebygde eigedomar der fulldyrka og overflata dyrka jord er meir enn 25 dekar, eller eigedomen består av meir enn 500 dekar produktiv skog. Som bebygd eigedom reknast her eigedom med oppførte bustader som er eller har vore brukt som heilårsbustad.

Buplikt inneber at du innan eit år frå overtakinga, busett deg på eigedomen og bur der i minst 5 år. Du må søkje konsesjon dersom du ikkje har til hensikt å oppfylle buplikta.
Det er gratis å få stadfesta opplysningane frå eigenfråsegnskjemaet av kommunen.

Søknad om konsesjonsfridom
Du må bruke eigenfråsegnskjema frå Statens landbruksforvaltning og få stadfesta opplysningane frå kommunen. Det utfylte skjemaet skal ligge ved skøyte til tinglysing.
Klikk her for søknadsskjema…

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter fattast det eit vedtak.

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta.

Klagerett

Du kan klage viss du er misnøgd med vedtaket. Fristen er tre veker frå vedtaket er motteke. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen avgjerda si, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som avgjer om klaga skal takast til følgje.