Teamet skal vere ein ressurs som kan gi krisehjelp til einskildpersonar eller grupper av personar i ein krisesituasjon. Eksempel på krisesituasjonar kan vere brå og uventa død etter sjukdom, sjølvmord, ulykke eller voldshandlingar og ved uro for barn/unge der omsorgspersonar vert akutt psykisk eller fysisk sjuke.

Kontakt med teamet skjer oftast via politi, lege eller prest. Dei informerer om teamet sine oppgåver og ber om eventuell samtykke til å kontakte teamet. På kveld og natt kan legevakta kontaktast, telefon nummer 116117. Det psykososiale kriseteamet skal vere eit kontaktledd frå ei krise oppstår til det normale behandlings- og omsorgsapparatet i kommunen kan ta over og følgje opp på ein trygg måte.

Den kommunale kriseleiinga nyttar og teamet som ein støtteressurs ved større ulykker. Dei skal samordne den psykososiale innsatsen som trengs i ein krisesituasjon, og sikre at dei som hendinga har råka, får naudsynt oppfølging.

Leiar av det psykososiale kriseteamet i Gulen er Leiar helse Elizabeth Høydal.