Planområde er heile kommunen og fokus er dei kommunale avløpsanlegga med tilhøyrande installasjonar og vassmiljø. I tillegg vert dei private godkjenningspliktige vassverka, samt dei kommunale anlegga Eivindvik vassverk og Sløvåg høgdebasseng, med leidningsnett og tilhøyrande installasjonar vurdert.

Eit planprogram er eit verktøy for tidlig medverknad og avklaringar av viktige omsyn i planarbeidet. Det skal angje formålet med planarbeidet, avklare viktige problemstillingar og omtale korleis planlegginga er tenkt gjennomført.

Klikk her for å lese planprogram for kommunedelplanen for vatn og avløp.. (pdf)

Høyringsfrist 13.10.2017 kl. 12:00

Interesserte vert bedt om å kome med innspel og synspunkt til planprogrammet.
Merknader til saka kan sendast til kommunen pr post

Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik

eller e-post
postmottak@gulen.kommune.no