Informasjon og forespurnad om innspel

Den kommunale planen for idrett og fysisk aktivitet (idrettsplanen) skal i løpet av 2017 reviderast for den nye planperioden 2017-2021. Den kommunale planlegginga for idrett, friluftliv og fysisk aktivitet skal ha eit tidsperspektiv på 12 år, med unntak av handlingsprogrammet som skal innehalde eit prioritert utbyggingsprogram for ein periode på fire år.

Idrettsplanen er kommunen sine retningslinjer i arbeidet med å sikre innbyggjarane sin tilgang til fysisk aktivitet. Planen skal innehalde målsettingar for kommunen sine satsingsområder innanfor idrett og fysisk aktivitet, herunder friluftsliv. Den skal også innehalde målsettingar for anleggsutbygging og sikring av areal for idrett og friluftsliv, samt analyse av langsiktige og kortsiktige behov for både anlegg og aktivitet.

I planprosessen som vil pågå fram mot hausten ynskjer me å motta innspel.

Strategi og politikk

Me ynskjer å motta innspel til kva som bør vere kommunen sin idretts- og friluftslivspolitikk i den komande fireårsperioden, gjerne utforma som hovudmål, delmål og strategiar. Relevante spørsmål for kommunen å få svar på kan vere:

  • Kva for aktivitetsskapande tiltak treng Gulen kommune i komande planperiode?
  • Kva for overordna strategiar bør kommunen satse på for å sikre innbyggjarar best mogleg tilgang til å kunne drive fysisk aktivitet?
  • Kva for tiltak må til for å nå desse måla?
  • Kven kan kommunen samarbeide med og korleis kan ulike typar samarbeid sjå ut?

Send innspel til:
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik

eller postmottak@gulen.kommune.no innan 25. august 2017.

Saksbehandlar er Vivian Våge

Klikk her for eksisterande plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet...