FORTSATT FORELDRE er eit kurs for deg som ynskjer å skape eit GODT NOK foreldresamarbeid med ekspartnar etter samlivsbrotet - til beste for barna. Mange foreldre slit med samarbeidet med den andre forelderen, uavhengig av om det har gått kort eller lang tid sidan samlivsbrotet.

På kurset får du moglegheit til refleksjon og bevisstgjering rundt rolla di som forelder og samarbeidspartnar. Du får hjelp til å møte konfliktar på ein konstruktiv og løysingsorientert måte. Du vil møte andre foreldre som har barn med ein dei ikkje bur saman med.

Formålet med kurset «Fortsatt foreldre» er at barna skal få oppleve at foreldra klarar å samarbeide og kommunisere etter brotet, slik at barna sin kvardag blir mest mogeleg forutsigbar og trygg.

Kurset går over fem samlingar.

Datoar og tid for FORTSATT FORELDRE-kurset er:

Tirsdagar - 28. februar, 7., 14., 21. og 28. mars.

Klokka 16-18:30

Stad: Familiekontoret, Storehagen 1 b, 2. etg. i Førde

Kursleiarar: Kristin Eimhjellen og Ann Kristin Sæbø

Tema på kurset:

  •  Brotprosessen
  •  Kommunikasjon, konflikt og samspel
  •  Å sjå barna sin livssituasjon
  •  Foreldresamarbeidet
  •  Vegen vidare

Kurset er gratis

Påmelding innan 14.02.2017 til:
Familiekontoret i Førde: tlf. 466 19 280 (tasteval: 1),
på nettsida vår bufdir.no/Familie/Kurs eller e-post: familiekontora.sunnfjord-sogn@bufetat.no

Klikk her for plakat for kurset...(pdf)
Klikk her for brosjyre for kurset...(pdf)