Legevakta i Knarvik heldt til på nedsida av hovudvegen, i Kvassnesvegen 48A, 5914 Isdalstø. Legevakta vil vere open dagleg mellom kl 15.30 og kl 08.00, samt i helger og høgtidsdagar.

Hovudoppgåva til Nordhordland legevakt er å gje deg hjelp med helseproblem som ikkje kan vente til vanleg kontortid. Til dømes:

  • Smerter i bryst eller mage
  • Pustevanskar
  • Akutt sjukdom/ skade eller alvorleg forverring 
  • Nedsett allmenntilstand hos barn
  • Alvorleg psykisk sjukdom
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  • Kuttskader som må syast

Legekontora på Brekke, Byrknes og Eivindvik vil fortsette som før, og på dagtid er det der du skal ringe for å få hjelp. Dei vil vurdere hastegraden, og kan gje deg time raskt om det er naudsynt. Det er alltid legekontoret du skal ringe når det gjeld sjukemelding og fornying av resept.

Dersom det står om liv skal du som før ringe medisinsk naudnummer: 113