HV gjennomfører øving 18-23. oktober. Øvinga vil i hovudsak føregå i Gulen og Masfjorden kommune.

Under øvinga vil det vere noko militært personell synleg i lokalsamfunnet, og militær aktivitet langs veiaksar og enkelte knutepunkt. Mannskapa vil bære våpen.

Gjennom heile perioden vil det vere aktivitet ved Frøysetvågen skytebane i Masfjorden, og på Tjørnaleitet Skytebane i Gulen. Publikum vert oppfordra til ikkje å ferdast i desse områda i øvingsperioden, og å etterkomme oppfordringar gitt av militært personell.

Det vil og bli noko bruk av lausammunisjon nattestid. Slik aktivitet vil bli forsøkt lagt utanom bebygde område.

Varsel om militær øving vil bli annonsert i lokalavisene (Strilen og Nordhordland).