Miljøplan skal føre til meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og til at positive miljøeffektar av jordbruksdrift blir haldne vedlike eller blir auka.

Forskrift om miljøplan gjeld for alle føretak som mottek produksjonstilskot i jordbruket. Manglande eller mangelfull miljøplan fører til reduksjon i utbetaling av produksjonstilskot ut frå arealstorleiken til føretaket.

Dokumentasjon knytt til miljøplanen skal oppbevarast på føretaket og vere tilgjengeleg for kontroll i 10 år etter planårets slutt.
Klikk her for meir informasjon om miljøplan trinn 1 og trinn 2...

Skjema

Klikk her for informasjon om skjema og sjekkliste...
Kommunen kan hjelpe deg med å skaffe kart og generell informasjon om miljøplanarbeidet. Du kan også få opplysningar om miljøverdiar og miljøutfordringar som gjeld i det aktuelle området.

Saksbehandling

Dersom miljøplanen ved kontroll ikkje blir godkjend, gjer kommunen vedtak om dette.

Klagerett

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp hva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klag blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.