Ein stad for digital post frå det offentlege

Statlege etatar vart pålagt å sende post digitalt frå 2016. Skaffar du deg digital postkasse hos Digipost eller e-Boks vi du sjå at stadig fleire offentlege verksemde vil sende post der. Du vel deg ein av dei to digitale postkassane og får all post frå det offentlege der. Lurt, ikkje sant? Dessutan får du posten din raskare fordi du slepp å vente på postgangen, posten blir lagra på ein og same stad og vi sparar miljøet.
Les meir om korleis du oppretta digitale postkasse frå Digipost eller e-Boks på www.noreg.no.

Ditt trygge arkiv

Vanlig e-post er ikkje ein sikker måte å sende meldingar på. Skal du kunne ta imot brev frå det offentlege digitalt må du ha ei digital postkasse. Det er trygt og enkelt å ta imot post digitalt frå det offentlege når du har digital postkasse frå Digipost eller e-Boks. Du brukar ID-porten til innlogging for å lese din digitale post frå det offentlege, og brev i postkassa kan lagrast der så lenge du ønskjer.

Vel digital postkasse på noreg.no

Du kan velje mellom to postkasser – Digipost eller e-Boks. På same måte som du kan velje mellom ulike bankar og forsikringsselskap skal du enkelt kunne velje den postkassa som passa deg best. Når du har fått digital post frå Gulen kommune vil du få eit varsel på SMS eller e-post. Då veit du alltid når du har motteke noko. Les meir om korleis du opprettar di digitale postkasse hos e-Boks eller Digipost på www.noreg.no.

Kva skjer om du ikkje skaffar deg digital postkasse?

Utan ei digital postkasse må du logge inn på ulike etatars nettsider og løysingar for å lesa viktige brev digitalt, eller du vil få brev på papir. Frå Gulen kommune vil du få brev i Altinn om du ikkje har digital postkasse frå e-Boks eller Digipost. Og om brevet ikkje blir opna i Altinn innan to dagar vil du automatisk få det på papir.

Du kan òg reservere deg mot kommunikasjon på nett. Du vil då Framleis få viktig post frå det offentlege på papir. Les meir på www.norge.no/reservasjon