Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Næringsutvikling

 

Bente Semmingsen Fivelsdal

UNESCO kandidatstatus til Nordhordland

Nasjonal støtte til biosfæreprosjektet i Nordhordland

Det er med stor glede vi kan fortelje at Nordhordland no har fått offisiell status som Norge sin første kandidat til å bli eit UNESCO biosfæreområde!
Den norske MAB-komité har no gitt sin støtte til arbeidet med å gjere Nordhordland til Norge sitt første biosfæreområde. Dermed er det gitt klarsignal til vidare arbeid både med hovud søknaden som skal gå til UNESCO og til dei aktivitetane som alt er satt i gang.

Det kommunale næringsfondet

Det kommunale næringsfondet skal nyttast til å fremje etablering av ny verksemd og til utvikling av næringslivet. Fondet kan og nyttast til infrastrukturtiltak, utviklingsretta fellessatsingar og tiltaksarbeid.
Godt gjennomarbeidde søknader oppnår det raskaste og beste resultatet. Søknaden skal leverast elektronisk på nettsida www.regionalforvaltning.no

Gulen og Masfjorden Næringsråd

Gulen og Masfjorden Næringsråd er ein frittståande og sjølvstendig interesseorganisasjon, etablert av næringsdrivande i Gulen og Masfjorden. Hovudoppgåva er å arbeide for ei positiv næringsutvikling gjennom å stimulere til bevisstgjering, innovasjon og nettverkstankegang mellom næringsaktørar, og mellom næringsaktørar og kommunen og andre som arbeider med næringsutvikling. Gulen og Masfjorden Næringsråd skal samarbeide med lag og organisasjonar som det er naturleg å samarbeide med, derunder Gulen og Masfjorden Utvikling AS.

Kurs og veiledning til gründera og oppstartsbedrifter

InvestInBergen arrangerar kurs og gjev rådgjeving til etablerera, oppstartsbedrifter, gründera og entreprenørar. Trenger du hjelp til å kome i gong med din forretningside eller videreutvikle ei etablert bedrift?

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk German