Skade som gjev rett til erstatning

Skader som direkte skyldas naturulykke gir rett til erstatning. Skadeårsak kan være storm, springflo, flaum, skred eller jordskjelv.

Du må melde i frå om skaden til lensmannen. Melding må sendas seinast 3 månadar etter skadetidspunktet.

Forsikring

Alle bygningar og lausøyre som er forsikra mot brannskade blir automatisk også forsikra mot naturskade. Dette som følgje av naturskadeforsikringslova.

Ved ei naturulykke skal du melde i frå om slike skade til forsikringsselskapet. Det er ein eigenandel ved naturskade dekka av forsikring.

Sjå Norsk Naturskadepool for meir informasjon: http://www.naturskade.no/

Den statlege erstatningsordninga

Føremålet med den statlege naturskadeerstatningsordninga er å bidra til at den aktuelle bruken av eit skada objekt kan fortsette og etter ei naturulykke, fortrinnsvis ved å gje eit økonomisk bidrag.
Klikk her for meir informasjon...

Saksbehandling

Dersom du har vore utsett for ein naturskade, må du melde frå om dette til lensmannen/politiet eller namsmannen.
Fondsstyret vil gjere vedtak om erstatning. I vedtaket går det fram om du har fått erstatning eller ikkje, og eventuelt kor stor ho er. Du får ein frist på tre år frå vedtaksdato til å reparere skaden. Erstatningssummen blir utbetalt til deg når lensmannen stadfester at skaden er reparert.

Klagerett

Du kan klage på lensmannsskjønet innan éin månad etter at du mottok det. Klagen skal du sende til lensmann eller takststyrer, som igjen sender han vidare til tingretten saman med kopi av taksten. Å klage på skjønet er det samme som å be om at det blir gjennomført eit nytt skjøn, eit overskjøn, som blir leida av tingretten. Tingretten krev eit rettsgebyr for å behandle saka. Den sida som eventuelt vinn fram med si sak, får rettsgebyret dekt av motparten.

Du kan òg klage på erstatningsvedtaket frå styret for Statens naturskadefond innan tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til SLF v/fondsstyret. I klagen skal du føre opp kva du ønsker endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstansen er Ankenemnda for Statens naturskadefond. Før klagen blir sendt dit, skal fondsstyret vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom styret ikkje finn grunnlag for å endre vedtaket sitt, vil saka bli sendt til Ankenemnda.