På faktura for 2. kvartal vart det informert om at det ville kome nye satsar for vass- og avløpsgebyr i samband med ny forskrift.

Bakgrunn for revideringa er at tidlegare forskrift om vass og avløpsgebyr vart vedtatt i 2005. Lovene som denne forskrifta er «bygd på» er erstatta med nye lover. Forskrifta vart også opplevd som mangelfull på fleire områder.

Vatn er eit sjølvkostområde. Det vil sei at kommunen ikkje kan ta inn meir gebyr enn dei faktiske kostnadane kommunen har på området. Tidlegare fordelte årsinntektene seg ca. 50 % abonnementsgebyr og ca. 50 % forbruksgebyr. Dette systemet subsidierar storforbrukarar, då kubikkprisen vert låg. For å få eit meir rettferdig system der dei som brukar mykje vatn må betale for det, må forholdstallet endrast. No er det lagt opp til ca. 20 % abonnementsgebyr og ca. 80 % forbruksgebyr. Det vil sei at den faste delen (abonnementsgebyret) vert lågare og den mengdeavhengige delen (forbruksgebyret) vert høgre, samanlikna med tidlegare.

HPU godkjente høyringsutkast til revidert forskrift for vass- og avløpsgebyr i sak 015/17. Utkastet låg ut til høyring i tidsrommet 25. april - 5. juni på Gulen kommune si heimeside. Det kom inn eitt innspel.

Forskrifta kan du lese her.