Gulen kommune er gjennom lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen § 17 pålagt å gje økonomisk rådgjeving til sine innbyggjarar.

Formålet med økonomisk rådgjeving er å gje råd, rettleiing og praktisk bistand til skuldnaren og skuldnaren sin husstand, slik at skuldnar får kontroll og styring  over sin økonomi.

Ein gjennomgang som avklarar skuldnaren sin moglegheit til å auke inntekter, redusere forbruket og utnytte reserver er kjernen i økonomisk rådgjeving.

Dersom du har eller står i fare for å få økonomiske problem, og treng råd og rettleiing for å komme vidare kan du ta kontakt med NAV Gulen ved Maike Norman Bøe tlf. 5555 3333/ 406 42 410 eller Siv Hamn tlf. 5555 3333/ 414 60 19.