Oppmålingsforretning kan gå ut på å

  • klarleggje og forklare grenser og rettar som er knytt til fast eigedom (matrikkeleining)
  • skaffe fram alle opplysningar og dokumentasjon som er nødvendig for å føre det offisielle registeret i landet over fast eigedom (matrikkelen). For ny matrikkeleining gjeld at du først må ha løyve frå kommunen etter plan- og bygningslova før eininga kan opprettast i matrikkelen.
  • merkje nye grenser i marka i samsvar med kommunalt løyve etter plan- og bygningslova
  • overføre areal mellom to matrikkeleiningar (arealoverføring)

Oppmålingsforretning skal mellom anna haldast dersom du skal

  • dele ei matrikkeleining
  • feste del av ei matrikkeleining for meir enn ti år
  • registrere ny matrikkeleining eller festegrunn
  • overføre areal frå ei matrikkeleining til ei anna

Oppmålingsforretning med kartlegging av eigedomsgrensene må vere utført før grunnboksheimelen til matrikkeleininga kan tinglysast.

Gebyr

For kommunen sine teneste skal det betalast gebyr i samsvar med satsane og retningslinjene i gebyrregulativet. Gebyrkravet skal rettast mot tiltakshavar, rekvirent eller den som har bede om å få utført aktuelt arbeid. Saksgebyr skal betalast sjølv om søknaden skulle bli avslegen.
Klikk her for oversikt over gebyrregulativet til gulen kommune…

Saksbehandling

Ved matrikkelføring av ei sak som krev oppmålingsforretning, skal kommunen kontrollere at alle nødvendige offentlege løyve og annan nødvendig dokumentasjon ligg føre. Den som styrer oppmålingsforretninga, skal gje melding om tid og stad for forretninga. Varselet skal sendast til den som har kravt forretninga og alle som har grunnboksheimel til (eller kan godtgjere at dei eig) tilstøytande grunn. Det skal førast protokoll frå oppmålingsforretninga.

Når rekvisisjon for oppmålingsforretning er motteke og det ikkje er avtalt noko anna med rekvirenten, skal kommunen gjennomføre oppmålingsforretninga og fullføre matrikkelføringa innan 16 veker.

Klagerett

Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller melding om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på oppmålingsforretninga. Du sender klagen til kommunen, som også kan gje rettleiing. Dersom kommunen held fast på avgjerda, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.