Verjemålsreforma

Stortinget vedtok våren 2010 ei ny verjemålslov som trer i kraft 1. juli 2013. Frå dette tidspunktet blir dei kommunale overformynderia avvikla og både ansvar, oppgåver og finansiering av den lokale verjemålsmyndigheita blir overført til Fylkesmannen. Overformynderiet består fram til oppgåvene etter dagens lov er sluttført eller overført til Fylkesmannen, og vil handsame saker fram til utgangen av juni månad. Frå og med 1. juli 2013 vil all sakshandsaming og forvalting av midlar skje hjå Fylkesmannen.

Kan du tenkje deg å bli verje?

Etter ny verjemålslov vil Fylkesmannen ha ansvar for oppnemning av nye verje så raskt som mogeleg, når det oppstår eit behov. Som ny lokal verjemålsmyndigheit vil vi derfor ha behov for fleire verjer.

Ein verje tek i vare den verjetrengjande sine interesser, ved å forvalte og disponere økonomi, eller til dømes ved å sørgje for at personen blir høyrt når det gjeld personlege forhold.

Arbeidet som verje vert godtgjort etter faste satsar. Unntak gjeld for nærståande (ektefeller/ sambuarar, foreldre, born) som berre vil ha rett til godtgjering om det ligg føre særskilte grunnar.

Tilsette som arbeider med verjemål hjå Fylkesmannen vil vere tilgjengelege og gje deg som verje nødvendig opplæring og oppfølging etter behov.

Ta gjerne kontakt med Fylkesmannen om du ønskjer å vite meir, eller kan tenkje deg å bli verje. Du kan ta kontakt per telefon eller e-post, sjå nedanfor.

Informasjon og kontakt

Du finn meir informasjon om ny verjemålslov på Verjemålsportalen på internett: www.vergemal.no. Ring gjerne til Fylkesmannen på telefon 57 64 30 00 (sentralbord) ,avtal eit besøk, eller send e-post til fmsfpost@fylkesmannen.no . Du finn også informasjon om Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på www.fylkesmannen.no/sfj.

Du kan også ta direkte kontakt med ein av dei tilsette som arbeider med verjemål hjå Fylkesmannen frå 1.juli 2013. Kontaktinformasjon til desse er: