Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp for born i førskulealder og behov for spesialundervisning for elevar i grunnskulen, vidaregåande skular og i vaksenopplæring på grunnskulen sitt område.

Opplæringslova krev også sakkunnig vurdering i ein del andre tilfelle, mellom anna

  • tidlegare eller utsett skulestart
  • fritak frå opplæringsplikta
  • teiknspråkopplæring
  • punktskriftopplæring for blinde og sterkt svaksynte elevar
  • søknad om inntil to års ekstra vidaregåande opplæring
  • søknad om inntak på særskilt valt utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1

Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen.

Førespurnader om tilvising blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Kontakt

Herfinn Takle
Leiar PPT
Mobil 979 75 763
E-post: herfinn.takle@gulen.kommune.no
 

Gro Sandnes
Mobil 974 26 772
E-post: gro.sandnes@masfjorden.kommune.no