Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Informasjon om personopplysningar i Gulen kommune

Gulen kommune bruker ofte personopplysningar ved handsaming av ulike saker. Dette kan til dømes vere opplysningar du gir frå deg når du fyller ut søknadsskjema eller liknande. Men kva er eigentleg ein personopplysning og kva rettar har du om bruk og innsyn i desse opplysningane?

Dine rettar etter personopplysningslova

generell informasjon

Du kan få betre kontroll med opplysningar om deg sjølv. Ofte er det frivillig å gi frå seg slik informasjon. Då er det viktig at du er medviten når du gir løyvet ditt. I alle høve har du krav på å få vite kven du gir opplysningane til, og korleis dei skal nyttast.

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - EngelskSpråk German