Profil Ragnhild

Frå juli i år, startar Ragnhild Undertun i jobben som dagleg leiar i Gulen og Masfjorden Utvikling (GMU). Ragnhild er i dag investeringsrådgjevar i Nordea, og arbeider med bedrifter frå Austevoll til Florø. Ho har lang og brei erfaring frå bank og finans, både mot privatmarknad og næringsliv. No tek ho med seg mann og barn og flyttar tilbake til heimlege trakter.

I stillinga som dagleg leiar i GMU vil Ragnhild vere ein pådrivar og koordinator for prosjekt som skal utvikla næringslivet i Gulen og Masfjorden kommunar. Industri og havbruk er store og viktige næringar for regionen, og i tillegg er det positiv utvikling og vekst innan andre næringar som service, handel og turisme. For nye etablerarar kan GMU tilby rådgjeving og bistand ved søknadar til mellom andre næringsfondet i Gulen og Kraftfondet i Masfjorden. GMU har tett kontakt med næringslivet, mellom anna som sekretær for Næringsrådet og som arrangør av og deltaking på næringslivsaktiviteter.

Ei viktig rolle for GMU er óg å marknadsføre regionen sine mange fortrinn slik at nye bedrifter og nye innbyggjarar ønskjer å flytta til halvøya.

"Det å vere ein pådrivar til at andre kan skapa sin eigen arbeidsplass og slik medverka til meir aktivitet i regionen, ser eg på som svært meiningsfullt,- og eg gler meg til å koma heim og starta i ny jobb", seier påtroppande dagleg leiar Ragnhild Undertun.

Vi er svært glade for at Ragnhild har takka ja til å leia GMU sitt viktige og spanande arbeid, og har stor tru på at Ragnhild er riktig person til å utvikla selskapet, næringslivet og regionen vår vidare, seier Marit Wick, styreleiar, og Solveig Daae Kristiansen avtroppende dagleg leiar i GMU.

Kontakt:

Solveig Daae Kristiansen, 47605190

Ragnhild Undertun, 90142025