Føremålet med produksjonstilskot er "å bidra til eit aktivt og bærekraftig jordbruk innanfor dei målsettingane som Stortinget har trekt opp" (jf. forskrift om produksjonstilskudd i jordbruket § 1). Det er delmål for kvar ordning. Tilskotet bereknast med ein sats pr. dyr eller dekar areal.

Det er og innført eit tilskot for birøkt for føretak som disponera minst 25 bikube.

Klikk her for informasjon om kva tilskotsordningar produksjonstilskotet omfattar...

Søknadsprosess

Det er to søknadsomganger i året  med søknadsfrist 20. januar og 20. august. Søknad skal leverast enten elektronisk via Altin eller på papir til kommunen.

Klikk her for elektronisk levering via Altinn...

Klikk her for søknadsskjema...

Klikk her for meir informasjon og rettleiing om søknadsprosessen...

Søkjar er ansvarleg for at opplysningane på søknadsskjema er rette. Avvik mellom søknadstala og dei reelle tala kan medføre at deler eller heile tilskotet blir avkorta. Årleg vert 10 % av dei som søkjer tilskot kontrollerte, og grove feil vil kunne bli oppfatta som forsøk på svindel.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klagerett

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Dette gjeld sjølv om du har mottatt melding om vedtaket frå Statens landbruksforvaltning. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Pilotprosjekt – Gulen og 13 kommunar i Hordaland

Pilotprosjekt for bruk av Husdyrregisteret ved utrekning av produksjonstilskot.

Klikk her for meir informasjon...